Viktig melding

Avlesning av vannmåleren

Vannmåleravlesningskort er sendt ut til abonnenter via digipost.  Avlesingen kan gjøres på nett, og da benyttes brukernavn og passord som står på avlesningskortet. 

Vannmåleravlesningsportalen vil være stengt fra 23.12.24 - 02.01.25. Den vil være åpen igjen 02.01.25 - 12.01.25

https://portal.isy.no/sel/Logginn/tabid/2150/Default.aspx?returnurl=%2fsel%2fHjem.aspx

Hentekalender frå NGR 2025

Frå og med 01.01.2025 blir det ny ordning for å halde styr på tømmedagane dine.

NGR går bort frå utsending av trykte hentekalendrar, og vil frå og med årsskiftet kommunisere rutene våre gjennom ei digital løysning. Det vil vera fleire måtar å finne dine tømmedagar på, men vi anbefaler alle å nytte seg av appen "Min Renovasjon". Her kan du velja å setja på varsling, og vil slik få ei påminning til dømes dagen før vi køyrer ruter heime hjå deg. Nyttar du appen vil du vera heilt sikker på at du alltid får rett informasjon, og at du fangar opp eventuelle endringar i rutene. Vi vil og ha ein hentekalender med søkjefelt på "nye" ngr.no Her kan du velja å laste han ned, og skrive han ut om du ynskjer det. Men du bør vera merksam på at rutene kan bli endra i løpet av året.

Min Renovasjon blir klar før heimesida
Ny heimeside med søkbar hentekalender vil mest truleg diverre ikkje sleppast før over nyttår, men appen "Min renovasjon" vil vera i drift i løpet av dei siste vekene fram mot jul. Du kan allereie no laste han ned, men du vil ikkje få opp informasjon om di kommune og adresse før vi har alle data klare i våre system. Vi vil sende ut ei melding på SMS når Min Renovasjon er i full drift for regionen vår.

Andre kanalar for info om tømmedagar
Om du ikkje har smarttelefon kan du tinge SMS-varsling dagen før henting i nettkalenderen når dei nye heimesidene våre kjem opp. 
Har du ikkje høve til å skrive ut kalenderen, men likevel ønskjer deg noko å hengje opp, kan du kontakte oss for å få ei utskrift sendt til deg i posten. Vi kjem sannsynlegvis til å måtte justere rutene våre utover året, så vi sender ikkje ut for meir enn to månader om gongen.


Med beste helsing
Tom André Hånsnar
Driftsleiar
Tlf: 48038444