"Det beste i verden er å vere fjellbonde!" - invitasjon til konferanse

Er du ung fjellbonde? Skal du ta over gard om ikkje lenge, eller er heilt fersk som bonde? Ønskjer du å møte andre som driv gard i fjellregionen?

Nasjonalt senter for fjellandbruk inviterer til konferanse 2. og 3. november på Scandic Oslo Airport. 

Dette blir ei helg med mykje spennande på programmet. Det kjem foredragshaldarar som skal snakke om utmarksbeite, salg og marknadsføring av fjellprodukt, korleis byggje smart og billig til lausdrift, klima og utmarka og mykje meir.

Påmeldingsfrist er 23. oktober - og det er avgrensa rom reservert. Sjå lenka over for all praktisk informasjon.